Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Lover og forskrifter

Arkivarbeid er regulert av ei rekkje sentrale lover og forskrifter. Her er eit oversyn på dei mest sentrale lovene for dokumenthandtering og arkiv i kommunane. Lovdata held sine dokument oppdatert til ei kvar tid. Det er lagt inn lenker frå arkivplana direkte til den enkelte lov og forskrift på lovdata si heimeside.

 

Arkivlova

Føreskrifter

 Ei generell lov for offentlege arkiv som inneheld bestemmelsar om offentlege organs plikt til å ha arkiv, og om desse organa sine arkivansvar. Lova har og føresegner om vern av private arkiv. Føremålet med lova er å trygge arkiv som er viktige for rettsleg eller forvaltningsmessig dokumentasjon og arkiv som har forventa kulturell eller forskningsmessig verdi slik at dei vert tekne vare på og gjort tilgjengelege for ettertida. Føreskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste sidene ved arkivfunksjonen i kommunen.

Forvaltningslova

Føreskrifter

Forvaltningslova omhandlar tilgang til visse typar arkivmateriale gjennom føresegner om teieplikt og partsinnsyn. Lova gjev og retningsliner og krav til sakshandsaminga som får konsekvensar for m.a. rutineoppbygginga i kommunen.

Offentleglova

Føreskrift

Rettleiar

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd regulerer ålmenta sin tilgang til saksdokumenta i forvaltninga. Alle saksdokument slik dei er definert i offentleglova, er arkivmateriale etter arkivlova.

Kommunelova

 

Kommunelova har fylgjande føresegner relevant for dokumenthandsaming og arkiv:

  • "§ 30. Møteprinsippet. Folkevalgte organer treffer sine vedtak i møte.
  • Når en sak skal avgjøres av annet organ enn kommunestyret eller fylkestinget, kan lederen for organet beslutte saka tatt opp til behandling ved fjernmøte eller ved skriftlig saksbehandling. Dette kan likevel bare gjøres når det er påkrevd å få avgjort saken før neste møte, og det enten ikke er tid til å kalle sammen til ekstraordinært møte, eller saken ikke er så viktig at dette må anses nødvendig. Departementet kan gi nærmere regler om adgang til å treffe vedtak på grunnlag av fjernmøte eller skriftlig saksbehandling.
  • Det skal føres møtebok over forhandlingene i alle folkevalgte organer. Kommunestyret og fylkestinget fastsetter selv nærmere regler om føring av møtebok.
  • § 39. Reglement. Arkiv. Kommunestyret og fylkestinget fastsetter selv ved reglement nærmere regler for saksbehandlingen i folkevalgte organer.
  • Departementet kan gi forskrifter om behandling, bevaring, ordning av og tilsyn med kommunens og fylkeskommunens arkiver."

Heile lova finn du på lovdata.no

Personopplysningslova

Føreskrifter

Denne lova omhandlar handsaming av personopplysningar og sensitive personopplysningar i offentleg verksemd. Lova set vilkår for handsaming av slike opplysningar. Den gjev rettar m.a. om innsyn og informasjon og den stiller krav til system og rutinar for handssaming av personopplysningar.

Til lova høyrer og til forskrift om personopplysningslova som særleg omhandlar tryggingstiltak og risikoanalyse ved bruk av elektroniske verktøy for handsaming av sensitive personopplysningar.

eSignaturlova

   

Pliktavleveringslova

Føreskrifter

Pliktavlevering er ei plikt til å avlevera allment tilgjengeleg materiale som ein har produsert til institusjonar som Nasjonalbiblioteket. I Norge er det pliktavleveringslova av 9.juni 1989, lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument som regulerar dette.

§1: «Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.»

Denne lova er nøytral i forhold til format og medium. Det vil seia at lova gjeld ikkje berre for bøker og tidsskrifter, men og for film, lyd, kringkasting, digitale dokument osv.

Arbeidsmiljølova

   

Bokføringslova

   

Helsepersonellova

Pasientjournalføreskrifta

  • Lov om helsepersonell kap 8 gjev føresegner om dokumentasjonsplikta når det vert utført helsetenester.
  • Forskrift om pasientjournalar gjev nærmare retningsliner for oppretting, innhald og føring, overføring og oppbevaring av journalar for dei enkelte pasientane.

Pasient- og brukarrettighetslova

 

Kapittel 5 i lov om pasientrettar (Pasientrettigheitslova) gjev føresegner om pasienten sin rett til innsyn i sin eigen pasientjournal.

Matrikkellova

   

Opplæringslova

   

Rekneskapslova

   

Sikkerheitslova

Føreskrift om tryggleiksadministrasjon

Føreskrift om informasjonstryggleik

  • Lov om førbyggande sikkerhetsteneste gjev føresegner om informasjonstryggleik og tryggleiksklarering for informasjon og dokumentasjon som vedkjem nasjonal tryggleik.
  • Forskrift om tryggleiksadministrasjon gjev m.a. føresegner om risikohandtering av skjermingsverdig informasjon
  • Forskrift om informasjonstryggleik gjev m.a. føresegner om journalføring av tryggleiksgraderte dokument

Straffelova

 

Straffelova - arkivfaglege viktige heimlar:

"§ 120. Har en offentlig Tjenestemand i nogen Tjenesten vedkommende Protokol anført Usandhed eller lagt Skjul paa Sandheden, eller har han ved Udfærdigelsen af Protokoludskrift, Telegram eller Telefonmeddelelse eller ved Stempling, Merkning eller anden tjenstlig Erklæring, der er afgiven for at tjene som Bevis, anført eller bevidnet Usandhed eller lagt Skjul paa Sandheden, straffes han med Tjenestens Tab eller med Fængsel indtil 3 Aar, men indtil 6 Aar, saafremt han har handlet i Hensigt at forskaffe sig eller andre en uberettiget Vinding eller at skade nogen.

§ 121. Den som forsettlig eller grovt uaktsomt krenker taushetsplikt som i henhold til lovbestemmelse eller gyldig instruks følger av hans tjeneste eller arbeid for statlig eller kommunalt organ, straffes med bøter eller med fengsel inntil 6 måneder.

Begår han taushetsbrudd i den hensikt å tilvende seg eller andre en uberettiget vinning eller utnytter han i slik hensikt på annen måte opplysninger som er belagt med taushetsplikt, kan fengsel inntil 3 år anvendes. Det samme gjelder når det foreligger andre særdeles skjerpende omstendigheter.

Denne bestemmelse rammer også taushetsbrudd m.m. etter at vedkommende har avsluttet tjenesten eller arbeidet.

Endret ved lover 27 mai 1977 nr. 40, 28 juli 2000 nr. 73.

§ 122. En offentlig Tjenestemand, der ulovlig aabner eller tilsteder nogen at aabne et ham i Tjenestens Medfør betroet Brev, straffes med Tjenestens Tab eller med Fængsel indtil 3 Aar, men indtil 6 Aar, saafremt han forøver Forbrydelsen for at forskaffe sig eller andre en uberettiget Vinding. "

Vallova

 

Lov om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer gir bestemmelsar om føring av manntal, valbok o.a. Lova inneheld og bestemmelsar om kassasjon av avkryssingsmanntal og røystesedlar.

Laster...